Kom i gang med virtuelle maskiner
Datamaskina di bør oppfylle visse krav for best mogleg yting når du opprettar og køyrer virtuelle maskiner i Boxes. Desse krava er fastsett av leverandørane av operativsystema. Boxes tildeler automatisk ressursar til virtuelle maskiner basert på leverandøranbefalingar. Når slik informasjon ikkje er tilgjengeleg for Boxes, tildeler det følgjande:
-
20 GB maksimal lagringsplass.
Dette betyr ikkje at Boxes vil setje av 20 GB plass når den virtuelle maskina vert laga. Den faktiske diskplassen brukt av Boxes vil vere mindre enn (eller i verste fall lik) diskplassen brukt av den virtuelle maskina sjølv.
500 MB RAM.
Boxes fungerer best viss prosessoren på datamaskina di støttar maskinvare virtualisering-utvidingar og desse er aktiverte i system-BIOS.
Det er også tilrådd at du har minst 8GB RAM og 20GB ledig diskplass på datamaskina di for å køyra Boxes effektivt.