Installer gjesteverktøy
Gjestverktøy er ei samling av drivarar og verktøy som betrar brukbarheita til den virtuelle maskina di. Det gjev betre inndataytelse, automatisk justering av skjermoppløysing, delt utklippstavle og filoverføring.
Installere på virtuelle Windows-maskiner
Vitje win.gnomeboxes.org i din Windows-virtuelle maskin for å laste ned og installere spice-guest-tools-appen, som gjev gjesteintegrasjon for GNOME Boxes.
Installere på virtuelle Linux-maskiner
Dei fleste populære Linux-distribusjonane pakkar gjesteverktøya som spice-vdagent.
Spice-agenten for Linux består av 2 delar: ein bakgrunnsprosess, spice-vdagentd og ein prosess per X-økt spice-vdagent. Bakgrunnsprosessen vert starta i Spice-gjestar gjennom eit Sys-V-init-skript eller ei systemd-eining. Prosessen per X-økt vert automatisk starta i skrivebordsmiljø som respekterer /etc/xdg/autostart, og under gdm.
Installer på RPM-baserte distribusjonar
Distribusjonar som Fedora, Red Hat Enterprise Linux, CentOS Stream, OpenSUSE er kjende for å tilby spice-vdagent i sine lager.
sudo dnf install spice-vdagentInstallerer på Deb-baserte distribusjonar
Distribusjonar som Ubuntu, Debian, Linux Mint er kjende for å tilby spice-vdagent i sine lager.
sudo apt install spice-vdagent