Send ein tastetrykk-kombinasjon til ein boks
Somme kombinasjonar av tastetrykk vert automatisk sende til vertstøtta. For å sende ein tasterekke til den køyrande gjesten:
Trykk på tastaturknappen (
) i toppmenyen.
-
Trykk på tastkombinasjonen du vil sende. Dei tilgjengelege tastkombinasjonane er:
Ctrl+Alt+Backspace
Ctrl+Alt+F1
Ctrl+Alt+F2
Ctrl+Alt+F3
Ctrl+Alt+F7
Viss gjesteoperativsystemet ditt er Linux, kan du ofte bruke ein av desse tasterekkjene for å byte til den fyrste virtuelle konsollen, og ein annan for å byte tilbake til den grafiske konsollen. I fleire Linux-distribusjonar vil Ctrl+Alt+F3 byte til den virtuelle konsollen, og Ctrl+Alt+F1 vil byte tilbake til det grafiske skrivebordet.