n-siders hefte

n er eit multiplum av 4.

Viss talet på sider i PDF-dokumentet ditt ikkje er eit multiplum av 4, bør du leggje til det rette talet på blanke sider (1, 2 eller 3) for å få det til eit multiplum av 4. For å gjere det, kan du:

  1. Opprett ei blank PDF ved hjelp av LibreOffice Writer.

  2. Slå saman dei blanke sidene med PDF-dokumentet ditt ved hjelp av PDF-Shuffler og legg dei blanke sidene til slutt.

For å skrive ut:

  1. Trykk på menyknappen øvst til høgre i vindauget og trykk på Skriv ut-knappen.

  2. Vel Ålment-fana.

    Under Omfang, vel Sider.

    • Skriv inn sidetala i denne rekkjefølgja:
      • n, 1, 2, n-1, n-2, 3, 4, n-3, n-4, 5, 6, n-5, n-6, 7, 8, n-7, n-8, 9, 10, n-9, n-10, 11, 12, n-11...
      • ...til du har skrive n-tal på sider.
  3. Vel Oppsett side-fanen.

    Under Layout, i Tosidig-menyen, vel Einsidig.

    I Sider per side-menyen, vel 2.

    I Siderekkefølgje-menyen vel du Venstre til høgre.

    I Berre skriv ut-menyen, vel Oddetalsark.

  4. Klikk Skriv ut.

  5. Når alle sidene er skrivne ut, snur du sidene og legg dei tilbake i skrivaren.

  6. Trykk på menyknappen øvst til høgre i vindauget og trykk på Skriv ut-knappen.

  7. Vel Oppsett side-fanen.

    I Berre skriv ut-menyen vel du Partalssider.

  8. Klikk Skriv ut.