5-siders til 8-siders hefte

Dersom du har eit PDF-dokument på 5, 6 eller 7 sider, bør du leggje til det rette talet på blanke sider for at det skal verte 8 sider. For å gjere det, kan du:

  1. Opprett ei blank PDF ved hjelp av LibreOffice Writer.

  2. Slå saman dei blanke sidene med PDF-dokumentet ditt ved hjelp av PDF-Shuffler og legg dei blanke sidene til slutt.

For å skrive ut:

  1. Trykk på menyknappen øvst til høgre i vindauget og trykk på Skriv ut-knappen.

  2. Vel Ålment-fana.

    Under Omfang, vel Sider.

    Skriv inn sidetala i denne rekkjefølgja: 8, 1, 2, 7, 6, 3, 4, 5

  3. Vel Oppsett side-fanen.

    Under Layout, i Tosidig-menyen, vel Einsidig.

    I Sider per side-menyen, vel 2.

    I Siderekkefølgje-menyen vel du Venstre til høgre.

    I Berre skriv ut-menyen, vel Oddetalsark.

  4. Klikk Skriv ut.

  5. Når alle sidene er skrivne ut, snur du sidene og legg dei tilbake i skrivaren.

  6. Trykk på menyknappen øvst til høgre i vindauget og trykk på Skriv ut-knappen.

  7. Vel Oppsett side-fanen.

    I Berre skriv ut-menyen vel du Partalssider.

  8. Klikk Skriv ut.