17-siders til 20-siders hefte
Dersom du har eit PDF-dokument på 17, 18 eller 19 sider, bør du leggje til det rette talet på blanke sider for at det skal verte 20 sider. For å gjere det, kan du:
Opprett ei blank PDF ved hjelp av LibreOffice Writer.
Slå saman dei blanke sidene med PDF-dokumentet ditt ved hjelp av PDF-Shuffler og legg dei blanke sidene til slutt.
For å skrive ut:
Trykk på menyknappen øvst til høgre i vindauget og trykk på Skriv ut-knappen.
-
Vel Ålment-fana.
Under Omfang, vel Sider.
-
Skriv inn sidetala i denne rekkjefølgja:
- 20, 1, 2, 19, 18, 3, 4, 17, 16, 5, 6, 15, 14, 7, 8, 13, 12, 9, 10, 11
-
-
Vel Oppsett side-fanen.
Under Layout, i Tosidig-menyen, vel Einsidig.
I Sider per side-menyen, vel 2.
I Siderekkefølgje-menyen vel du Venstre til høgre.
I Berre skriv ut-menyen, vel Oddetalsark.
Klikk Skriv ut.
Når alle sidene er skrivne ut, snur du sidene og legg dei tilbake i skrivaren.
Trykk på menyknappen øvst til høgre i vindauget og trykk på Skriv ut-knappen.
-
Vel Oppsett side-fanen.
I Berre skriv ut-menyen vel du Partalssider.
Klikk Skriv ut.