Tekstinnstillingar

Omgrepet «tekstattributtar» viser til all skrifttype, stil, justering og anna formatering som er knytt til eit gitt teikn eller ein serie av teikn. Sida Orca sine Tekstattributt lèt deg tilpasse kva tekstattributtar Orca skal seie opp, saman med rekkjefølgja dei skal seiast i, og kva for nokre Orca skal vise i punktskrift.

Attributt-tabellen for teksten

Tabellen for tekstattributt er staden der du spesifiserer kva attributt som skal og ikkje skal visast og under kva vilkår. Kvar rad består av fire kolonnenr.

  • Attributtnamn: Namnet på tekstattributten.

  • Speak: Check this checkbox if you would like Orca to speak this attribute when you press Orca Modifier+F.

  • Merk i punktskrift: Merk av i denne avkryssingsboksen om du vil at Orca skal «understreke» dette attributtet på punktskriftvisinga di.

  • Vis med mindre: Dette redigerbare feltet lèt deg spesifisere når eit aktivert attributt ikkje er av interesse.

    Til dømes har tekstattributtet «understrek» som standard verdien «ingen». Dette gjer at Orca varslar deg om understreka tekst så lenge teksten faktisk er understreka. Om du alltid vil at dette attributtet skal lesast opp uavhengig av om teksten er understreka, bør kolonnen Present unless vere tom for understrek. I tillegg bør du sørgje for at Les opp-kolonnen for understrek er merkt.

Angrar endringar

Under lista for tekstattributt finn du ein Tilbakestill-knapp (Alt+R) som vil gjenopprette verdiane i tabellen til det dei var då vindauget vart vist for fyrste gong.

Omstille rekkjefølgja for presentasjon

Når du fyrst viser sida Tekstattributt, vert alle aktiverte eigenskapar plasserte øvst i tabellen i den rekkjefølgja dei vert opplesne. Det er fire knappar som kan brukast til å endre framstillingsrekkjefølgja.

  • Flytt til toppen (Alt+T): flyttar det valde attributtet til toppen av lista.

  • Flytt opp (Alt+U): flyttar det valde attributtet opp éi rad.

  • Flytt ned (Alt+D): flyttar det valde attributtet ned ei rad.

  • Flytt til botn (Alt+B): flyttar det valde attributtet til botnen av lista.

Innstillingar for oppsett av punkt- «understreking» for formatering

Under trykknappane finn du radioknappgruppa Braille-indikator. Her kan du velje celle eller celler som skal brukast til å indikere tekst med minst eitt av dei angitte attributta.

  • Ingen: Ikkje understrek tekstattributt i punktskrift (standard)

  • Punkt 7: Understrek tekstattributt med berre Dot 7

  • Punkt 8: Understrek tekstattributt med berre Dot 8

  • Punkt 7 og 8: Understrek tekstattributt med både Dots 7 og Dots 8