Strukturell navigasjon

Orca sin strukturelle navigasjonsfunksjon gjer at du kan navigere mellom element i eit dokument. Elementtypar du kan navigere i omfattar:

  • Overskrifter og andre tekstblokker

  • Formkontrollar

  • Lenkjer

  • Lister og listeelement

  • Landemerke, skiljeteikn og anker

  • Tabellar og tabellceller

Ei fullstendig liste over enkeltvise element og tilhøyrande tastetrykk kan du finne i Strukturell navigasjonskommando.

Støtta appar

Strukturell navigasjon er no fullt ut implementert for webinnhald, inkludert hjelpeinnhaldet du les no. Orca sin støtte for strukturell navigasjon i tabellceller er òg implementert for OpenOffice Writer og LibreOffice Writer. Å implementere resten av objekta for strukturell navigasjon i desse kontorpakkane krev endringar frå utviklarane sjølve. Å implementere funksjonar for strukturell navigasjon i Evince vil krevje ein tilsvarande innsats frå utviklarane.

Hugs å slå på strukturell navigering!

Avhengig av kvar du er, kan det vere nødvendig for deg å slå på Strukturell navigasjon før du kan bruke det.

Når det er nødvendig å slå på strukturell navigering

I nettvisingar er det som regel ikkje nødvendig å slå på Strukturell navigering, sidan samhandlinga med dokumentet stort sett går ut på å lese innhaldet. Dermed er det ikkje noko spørsmål om 'H'-en du nettopp trykte var meint som ein skrivekommando eller ein navigasjonskommando.

På den andre sida er det langt vanskelegare for Orca å føreseie nøyaktig kva du forventar skal skje som følgje av å trykkje 'H' i redigerbare dokument som i OpenOffice og LibreOffice. Før du kan bruke nokon Strukturell Navigasjonskommando i eit redigerbart dokument, må du derfor først slå på Strukturell Navigasjon ved å trykkje Orca-modifikator+Z. Når du er ferdig med å navigere og klar til å skrive vidare, trykkjer du Orca-modifikator+Z på nytt for å slå av Strukturell Navigasjon.

Tilgjengelege innstillingar

I tillegg til dei nemnde kommandoane har Orca eit tal konfigurerbare innstillingar som er tilgjengelege spesielt for appar der det finst støtte for strukturell navigering.

Konfigurerer strukturell navigasjon

  1. Gjev fokus til ein app der Orca har støtte for strukturell navigering.

  2. Opne Orca-innstillingane for den noverande appen ved å trykkje Ctrl+Orca-modifikator+Mellomrom.

  3. Naviger til den siste sida i vindauget, som skal ha same namn som den noverande appen din.

  4. Undersøk og endre innstillingane slik du sjølv vil.

  5. Trykk på OK-knappen.