Profilar

Orca-profilane lèt deg lagre og laste fleire oppsett slik at du raskt kjem til innstillingane du treng.

Lagar ein ny profil

  1. Gå inn i Orca-innstillingane vindauget.

  2. Endre kva innstillingar du vil.

  3. Generelt-sida, trykk på Lagre som-knappen.

  4. Skriv inn det nye profilnamnet i Lagre profil som-vindauget som kjem opp.

  5. Trykk på OK-knappen i Lagre profil som-vindauget.

Laster ein eksisterande profil

  1. Gå inn i Orca-innstillingane vindauget.

  2. På sida Generelt, vel profilen som skal lastast frå kombinasjonsboksen Aktiv profil.

  3. Trykk på Last inn-knappen.

  4. Du vil verte bedt om å stadfeste. Trykk på Ja-knappen.

  5. Trykk på OK-knappen.

Endrar ein eksisterande profil

  1. Følg stega som er skildra over for å laste opp til det oppsettet du vil endre.

  2. Fylg stega skildra ovanfor for å lagre ein ny profil.

  3. Når du vert bedt om det nye profilnamnet, skriv du det same namnet som det noverande profilnamnet. Når du trykkjer på OK-knappen, får du beskjed om at det er ein namnekonflikt.

  4. Trykk på Ja-knappen for å stadfeste at du vil skrive over den eksisterande profilen med dei nye innstillingane.

Endrar Oppstartsprofil

  1. Gå inn i Orca-innstillingane vindauget.

  2. Generelt-sida, vel profilen som skal lastast frå Oppstartsprofil-kombinasjonsboksen.

  3. Trykk på OK-knappen. Neste gong du startar Orca, vil det nyvalde oppsettet verte brukt.