Flat vurdering
Orca sin Flat Review-funksjon lèt deg vitje innhaldet, både tekst og widgetar, i det aktive vindauget romleg. I denne modusen handsamar Orca vindauget som om det var eit todimensjonalt ark med tekst, og fjernar all førestilling om widget-hierarki eller anna logisk gruppering i vindauget.
Innhaldet som er «flata ut», også kjent som Flat-Review-konteksten, kan navigerast linje for linje, ord for ord, teikn for teikn og objekt for objekt. I tillegg kan du utføre eit venstre- eller høgreklikk på objektet som vert gjennomgått. Til slutt kan du bruke Orca Find, ein Flat-Review-basert funksjon for å søkje i innhaldet i det aktive vindauget.
Sidan Flat Review-konteksten er ei romleg framstilling av innhaldet i det aktive vindauget, vert han oppretta når du fyrst går inn i Flat Review og inneheld berre dei objekta som er synlege. Dermed vil du ikkje kunne bruke Flat Review til å få tilgang til element som er i vindauget, men for tida utanfor skjermen. I tillegg, om innhaldet i vindauget endrar seg av seg sjølv, vil Flat Review-konteksten ikkje verte oppdatert automatisk. Du kan få bygd ein ny kontekst ved å slå Flat Review av og på att.
Til sist er Flat Review av sitt vesen ein modus som ikkje kan brukast samtidig som Orca sporar fokus. Dermed, om du er i Flat Review og så brukar appen sine navigasjonskommandoar til å flytte markøren eller gje fokus til eit anna objekt, vil du automatisk forlate Flat Review.