Uttaleinnstillingar
Nokre gongar seier ikkje tale-synthesizeren det rette for ein gitt streng. Du vil kanskje heller høyre «ler høgt» enn «LOL», eller «tilgjengelegheit» i staden for «a11y». Eller det kan vere eit namn eller eit teknisk uttrykk som synthesizeren uttalar feil.
Sida Uttale i Orca-innstillingane let deg leggje til, redigere og slette oppføringar i Orca si uttalordbok.
Sidan Uttale-sida også er ein del av app-spesifikke innstillingar, kan du tilpasse oppføringane dine etter behov for kvar app du brukar.
Legg til eit nytt ordbokoppslag
Trykk på Ny oppføring-knappen (Alt+N)
Skriv inn teksten til det nye oppslaget og trykk Return for å avslutte redigeringa av sjølve strengen.
Flytt til kolonnen Erstatningsstreng og trykk Return for å byrje å redigere.
Skriv inn teksten du vil ha lese opp i staden og trykk Return for å avslutte redigeringa av erstatningsteksten.
Redigerer eit eksisterande ordbokoppslag
Flytt til cella du vil redigere og trykk Return for å byrje å redigere.
Gjer endringane dine og trykk deretter Return for å avslutte redigeringa.
Slettar eit eksisterande ordbokoppslag
Flytt til oppføringa du vil slette.
Trykk på Slett-knappen eller Alt+D.