Tastaturoppsett

Orca har to tastaturoppsett: Skrivebord (det vil seie med eit numerisk tastatur) og Berbar. Oppsettet du vel påverkar kva tast som vert brukt som Orca-modifikator.

  • Viss du brukar berbart oppsett, vert standard Orca-modifikator CapsLock

  • _Viss du brukar skrivebordsoppsettet, vil Orca-modifikatoren vere både Insert og KP_Insert, der det siste er same tast som KP0.

Oppsettet avgjer òg tastetrykka knytte til fleire av Orca-kommandoane, særleg i områda Flat Review, Where Am I og Say All.

Endre tastaturoppsettet ditt

  1. Opne Orca-innstillingane ved å trykkje Orca-modifikator+Mellomrom.

  2. Flytt til radioknappgruppa Tastaturoppsett.

  3. Pila til ønsket oppsett.

  4. Trykk på knappen Bruk.