Fyller ut skjema

Når du samhandlar med nettsider og andre dokument med Orca, samhandlar du med sjølve dokumentet; ikkje ein bufra kopi av dokumentet. Orca sine nettlesar- og fokuseringsmodusar lèt deg byte mellom å lese og å fylle ut skjema.

Avsluttar skjema-felt

For å gå ut av eit skjema-felt, har du fleire val:

  • Bruk Tab/Shift+Tab om du vil forlate det fokuserte tekstfeltet og flytte til neste/førre fokuserbare objekt, uavhengig av type.

  • Bruk Orca sine strukturelle navigasjonskommandoar for skjema for å flytte til neste eller førre skjemafelt.

  • Avhengig av skjemaet og appen kan du kanskje òg bruke piltastane til å flytte deg ut av eit gitt skjemafelt.

For å bruke Orca si markørnavigering eller strukturelle navigeringskommandoar for å gå ut av eit skjema-felt, må du vere i nettlesarmodus. Viss du er i fokusmodus, kan du byte til nettlesarmodus ved å trykkje Orca-modifikator+A.