Velkomen til Orca

Orca er ein fri, open kjeldekode, fleksibel og utvidbar skjermlesar som gjev tilgang til det grafiske skrivebordet via tale og oppfriskbar punktskrift.

Orca fungerer med app-ar og verktøysett som støttar Assistive Technology Service Provider Interface (AT-SPI), som er den viktigaste teknologien for hjelpeteknologi for Linux og Solaris. App-ar og verktøysett som støttar AT-SPI inkluderer Gtk+, Qt, Java Swing, LibreOffice, Gecko, WebKitGtk og Chrome/Chromium.

Startar Orca

For å starte Orca:

  • Metoden for å setje opp Orca til å verte lansert automatisk som skjermlesaren din vil avhenge av kva skrivebordsmiljø du brukar.

  • For å slå Orca av og på i GNOME, trykk Super+Alt+S.

  • Skriv orca, saman med eventuelle valfrie parameter, i eit terminalvindauge eller i Køyr-vindauget og trykk deretter Return.

Laste-innstillingar

Følgjande val kan spesifiserast når du startar Orca i eit terminalvindauge eller i Køyr-vindauget:

  • -h, --help: Vis hjelpemeldinga

  • -v, --version: Vis versjonen til Orca

  • -s, --setup: Set opp brukarinnstillingar

  • -u, --user-prefs=dirname: Bruk dirname som alternativ mappe for brukarkonfigurasjon

  • -e, --enable=val: Tving bruken av val, der val kan vere eitt av følgjande:

    • speech

    • braille

    • braille-monitor

  • -d, --disable=val: Hindrar bruken av eit val, der valet kan vere eitt av følgjande:

    • speech

    • braille

    • braille-monitor

  • -p, --profile=filnamn: Importer ein profil frå ei gitt Orca-profilfil

  • -r, --replace: Erstatt ein køyrande Orca

  • -l, --list-apps: Skriv ut kjende køyrande appar

  • --debug: Send debug-utdata til debug-YYYY-MM-DD-HH:MM:SS.out

  • --debug-file=filnamn: Send debug-utdata til den angitte fila