Mus-gjennomgang
Orca sin musegjennomgang-funksjon gjer at Orca viser objektet under musepeikaren. I motsetnad til Orca sin flate gjennomgang-funksjon, er musegjennomgang ikkje avgrensa til det aktive vindauget; i staden vil Orca prøve å identifisere kva tilgjengeleg objekt, viss noko, som er synleg under peikaren når du flyttar på musa. Viss du har flytta peikaren over eit tilgjengeleg objekt med informasjon å vise, vil Orca vise objektet og informasjonen til deg.
Sidan aktivering av mus-gjennomgang fører til at Orca lyttar etter, og deretter handsamar, alle endringar i posisjonen til musepeikaren, er denne funksjonen deaktivert som standard. For å ha han alltid aktivert, merk av for Les opp objektet under musa i Innstillingsvindauget til Orca på sida Generelt. I tillegg finn du ein ubunden kommando kalla Slå musegjennomgang av eller på på Tastatursnøggleik-sida i det same vindauget. Ved å knyte denne kommandoen, slik det er skildra i Innleiing til tastatursnøkklar, kan du aktivere og deaktivere mus-gjennomgang etter behov.
Standardinnstillingar og tastaturoppsett er uavhengige av kvarandre
Merk at du kan velje å alltid ha Mouse Review på eller av og likevel slå det av og på ved å binde og bruke Slå musegjennomgang av eller på-kommandoen. Det er ikkje nødvendig å slå det på for å kunne slå det av og på, sidan innstillingar og tastetrykk er uavhengige av kvarandre.