Slik kjem du i gang med å samanlikne mapper

Meld lèt deg samanlikne to eller tre mapper ved sida av kvarandre. Du kan byrje ei ny mappesamanlikning ved å bruke den nye samanlikningsknappen i verktøylinja, og ved å klikke på Mappe-fana.

Mappene du har valt, vert vist som tre som står ved sida av kvarandre, og skilnadar mellom filer i kvar mappe vert utheva. Du kan kopiere eller slette filer frå kvar av mappene, eller samanlikne enkelte tekstfiler meir detaljert.

Mappesamanlikningsvising

Hovuddelane i ei mappesamanlikning er trea som viser mappene du samanliknar. Du kan lett flytte rundt i desse samanlikningane for å finne endringar du er interessert i. Når du vel ei fil eller mappe, vert meir detaljert informasjon vist i statuslinja nedst i vindauget. Trykkjer du Enter på ei vald fil, eller dobbeltklikkar på ei fil i treet, vert det opna ei filsamanlikning av filene, side om side, i ei ny fane, men dette fungerer berre ordentleg om dei er tekstfiler!

Det er stolpar på høgresida av vindauget som viser deg eit enkelt farga samandrag av samanlikningsresultata. Kvar fil eller mappe i samanlikninga svarar til ein liten del av desse stolpane, sjølv om Meld ikkje viser Same-filer slik at det er lettare å sjå faktisk viktige skilnadar. Du kan klikke kvar som helst på denne stolpen for å hoppe rett til den staden i samanlikninga.

Navigere i mappesamanlikningar

Du kan hoppe mellom endra filer (det vil seie alle filer/mapper som ikkje er klassifiserte som identiske) med knappane for førre og neste endring i verktøylinja.

Du kan bruke Venstre og Høgre piltastane til å flytte mellom mappene du samanliknar. Dette er nyttig slik at du kan velje ei enkelt fil til kopiering eller sletting.

Tilstandar i mappesamanlikningar

Kvar fil eller mappe i eit tre har sin eigen tilstand, som fortel korleis han skil seg frå tilsvarande filer/mapper. Dei moglege tilstandane er:

Tilstandar i mappesamanlikning

Tilstand

Utsjånad

Tyding

Same

Normal skrift

Fila/mappa er den same på tvers av alle samanlikna mapper.

Same når filtrert

Kursiv

Desse filene er ulike på tvers av mapper, men når tekstfilter er brukte, vert desse filene identiske.

Endra

Blå og feit

Desse filene skil seg mellom mappene som vert samanlikna.

Ny

Grøn og feit

Denne fila/mappa finst i denne mappa, men ikkje i dei andre.

Manglar

Grå tekst med ei linje gjennom midten

Denne fila/mappa finst ikkje i denne mappa, men i ei av dei andre.

Feil

Knallraud med gul bakgrunn og feit skrift

Når du samanliknar denne fila, oppstod det ein feil. Dei vanlegaste feilårsakene er filløyve (det vil seie at Meld ikkje fekk opne fila) og feil med kodinga av filnamn.

Du kan filtrere ut filer basert på desse tilstandane, til dømes for berre å vise filer som er Endra. Du kan lese meir om dette i Filtrering etter filskilnadar.