Meld sine innstillingar
Innstillingar for redigering
- Redigeringskommando
Namnet på kommandoen som skal køyrast for å opne tekstfiler i ein ekstern redigering. Dette kan berre vere kommandoen (t.d. gedit), i så fall vil fila som skal opnast verte overført som det siste argumentet. Alternativt kan du leggje til {file} og {line} i kommandoen, i så fall vil Meld erstatte filstien og linjenummeret der det står (t.d. gedit {file}:{line}).
Innstillingar for mappesamanlikning
- Bruk tekstfilter under mappesamanlikningar
-
Når du samanliknar filer i samanlikningsmodus for mapper, kan tekstfilter og andre tekstmanipuleringsval brukast på filinnhaldet. Viss dette valet er slått på, vert alle tekstfilter som er slått på brukte, valet for å trimme tomme linjer vert brukt der det passar, og skilnadar i linjeskift vert ignorerte.
Viss du slår på dette valet, må Meld lese alle ikkje-binære filer fullt ut inn i minnet under samanlikninga av mapper. Med store tekstfiler kan dette gå seint og føre til minneproblem.
Dette valet har berre ein effekt om «Samanlikn filer berre ut frå storleik og tidsstempel» ikkje er slått på.