Filtrere ut filer

Når du samanliknar mapper, vil du kanskje kunne ignorere enkelte filer. Til dømes vil du kanskje berre sjå filer som finst og er ulike i begge mapper, og ignorere dei som er like eller berre finst i éi mappe. Eller du vil kanskje ignorere alle filene i .git-mappa di, eller ignorere alle bilete.

Meld har fleire ulike måtar å styre kva filer og kva slag skilnadar du ser på. Du kan filtrere basert på skilnadar mellom ei fil på tvers av mapper eller fil- og mappenamn. Du kan også be Meld om å handsame filnamn som uavhengig av store og små bokstavar. Til slutt kan du bruke tekstfilter til å endre kva både mappe- og filsamanlikningar ser.

Tekstfilter du har definert vert automatisk brukt når mapper vert samanlikna. Filer som er identiske etter at alle tekstfilter er brukte, vert ikkje utheva som ulike, men vert viste i kursiv.

Filtrering etter filskilnadar

I ei mappesamanlikning inneheld kvar linje ei enkelt fil eller mappe som finst i minst ei av mappene som vert samanlikna. Kvar av desse linjene er klassifisert som anten Endra, Ny eller Same:

Endra

Fila finst i fleire mapper, men filene er ulike

Ny

Fila finst i ei mappe, men ikkje i dei andre

Same

Fila finst i alle mapper, og er den same overalt

Du kan endre kva typar skilnadar du ser i den gjeldande samanlikninga ved å bruke Filfilter-knappen på verktøylinja.

For tida kan du berre filtrere filer basert på tilstanden deira; mapper kan ikkje filtrerast på denne måten. Til dømes kan du ikkje be Meld om å ignorere alle mapper som berre inneheld nye filer. Ei mappe som berre inneheld «Ny»-filer vert viste som tom, men likevel til stades.

Filnamnfiltrering

Meld kjem med eit nyttig sett med filnamnfilter som let deg ignorere uinteressante filer og mapper som vanlege reservekopifiler og metadatamapper for versjonskontrollsystem. Kvart filnamnfilter kan slåast på eller av separat frå Filfilter-knappen på verktøylinja.

Du kan leggje til, fjerne eller endre filnamnfilter frå Filfilter-delen i vindauget Innstillingar. Filnamnfilter spesifiserer mønster for filnamn som ikkje vert sett på når du samanliknar mapper. Ei fil som passar eit filter som er slått på, vert ikkje ein gong vist i trevisinga. Filnamnfilter passar både filer og mapper; viss ei mappe passar eit filter, vert ho og alt innhaldet ignorert.

Filnamnfilter samsvarar etter glob-mønster for skal. Til dømes vil *.jpg treffe alle filnamn som endar på .jpg. Tabellen nedanfor viser alle glob-teikna for skal som Meld kjenner att.

Glob-mønster for skal

Jokerteikn

Treff

*

noko (dvs. null eller fleire teikn)

?

nøyaktig eitt teikn

[abc]

eitt av dei oppgjevne teikna

[!abc]

alt utanom eitt av dei oppgjevne teikna

{cat,dog}

anten «katt» eller «hund»

Å endre innstillinga På for eit filter i vindauget Innstillingar endrar om filteret er slått på som standard.

Når du slår eit filter på eller av frå menyen eller verktøylinja, gjeld det berre for denne samanlikninga.

Filnamn utan omsyn til store og små bokstavar

Filer vert samanlikna på tvers av mapper etter namnet. Som standard skil denne samanlikninga mellom store og små bokstavar; det vil seie at filene README, readme og ReadMe vert sett på som ulike filer.

Når du samanliknar mapper på enkelte filsystem (t.d. HFS+ eller FAT), kan du ønskje å få Meld til å handsame filnamn som utan skilnad på store og små bokstavar. Dette kan du gjere ved å bruke Filfilter-knappen i verktøylinja og velje Ignorer store og små bokstavar i filnamn.