Bruk frå kommandolinja

Viss du startar Meld frå kommandolinja, kan du fortelje han kva han skal gjere ved oppstart.

For ei to- eller trevegs filsamanlikning, start Meld med meld fil1 fil2 eller meld fil1 fil2 fil3 høvesvis.

For ei to- eller trevegssamanlikning av mapper, start Meld med meld mappe1 mappe2 eller meld mappe1 mappe2 mappe3.

Du kan starte ei versjonskontrollsamanlikning ved å berre gje eit enkelt argument; om den fila eller mappa vert styrt av eit kjend versjonskontrollsystem, vil han starte ei versjonskontrollsamanlikning på det argumentet. Til dømes vil meld . starte ei versjonskontroll-vising av den gjeldande mappa.

Køyr meld --help for ei liste over alle kommandoalternativ.