Ting som Meld ikkje gjer

Har du nokon gong brukt ein halvtime på å leite i ein app for å finne ut korleis du gjer noko, og tenkt at det sjølvsagt må finnast eit val for dette?

Denne delen listar opp nokre av dei vanlege tinga som Meld ikkje gjer, anten som eit medvite val, eller fordi vi berre ikkje har hatt tid.

Justere endringar ved å leggje til linjer

Når Meld viser skilnadar mellom filer, viser han begge filene slik dei ville ha sett ut i ein vanleg tekstredigering. Han set ikkje inn ekstra linjer slik at venstre og høgre side av ei bestemt endring vert like store. Det finst ingen innstilling for å gjere dette.