Vise versjonskontrollerte filer

Meld integrerer med mange versjonskontrollsystem slik at du kan gjennomgå lokale endringar og utføre enkle versjonskontrolloppgåver. Du kan byrje ein ny versjonskontrollsamanlikning ved å bruke den nye samanlikningsknappen på verktøylinja, og klikke på Versjonskontroll-fana.

Versjonskontrollsamanlikningar

Versjonskontrollsamanlikningar viser skilnadane mellom innhaldet i mappa di og den gjeldande versjonen i lageret. Kvar fil i den lokale kopien din har ein tilstand som viser korleis han skil seg frå kopien i lageret.

Viss du vil sjå skilnadane til ei bestemt fil, kan du velje ho og trykkje Enter, eller dobbeltklikke på fila for å starte ei filsamanlikning. Du kan også samhandle med versjonskontrollsystemet ditt ved å bruke Endringar-menyen.

Tilstandar i versjonskontroll

Kvar fil eller mappe i ei versjonskontrollsamanlikning har ein tilstand, henta frå sjølve versjonskontrollsystemet. Meld kartlegg desse ulike tilstandane til eit standardsett av svært like konsept. Dermed kan Meld bruke litt andre namn for tilstandar enn det versjonskontrollsystemet ditt gjer. Dei moglege tilstandane er:

Tilstandar i versjonskontroll

Tilstand

Utsjånad

Tyding

Same

Normal skrift

Fil/mappa er den same som versjonen i lageret.

Endra

Raud og feit

Denne fila skil seg frå versjonen i lageret.

Ny

Grøn og feit

Denne fila/mappa er ny, og skal leggjast til i lageret.

Fjerna

Raud feit tekst med ei linje gjennom midten

Denne fila/mappa fanst, men er planlagd fjerna frå lageret.

Konflikt

Knallraud, feit tekst

Når du prøver å slå saman med lageret, kunne ikkje skilnadane mellom den lokale fila og lageret løysast, og fila er no i konflikt med innhaldet i lageret

Manglar

Blå feit tekst med ei linje gjennom midten

Denne fila/mappa burde vere til stades, men er det ikkje.

Ignorert

Grå tekst

Denne fila/mappa er eksplisitt ignorert (t.d. av ei oppføring i .gitignore) og vert ikkje følgd av versjonskontroll.

Uversjonert

Grå tekst

Denne fila er ikkje i versjonskontrollsystemet; ho er berre i den lokale kopien.

Feil

Knallraud med gul bakgrunn og feit skrift

Versjonskontrollsystemet har rapportert eit problem med denne fila.

Filtrering av versjonskontrolltilstand

Som oftast vil du berre sjå filer som er identifiserte som på eit vis annleis; dette er standardinnstillinga i Meld. Du kan endre kva filtilstandar du ser ved å bruke Versjonsfilter-knappen på verktøylinja og velje Flat ut mapper og dei andre alternativa Endra, Normal, Uversjonert og Ignorert.