Handtere endringar
Meld handterer skilnadar mellom filer som ei liste over endringsblokker eller enklare sagt endringar. Kvar endring er ei gruppe linjer som svarar til kvarandre mellom filer. Sidan det er desse endringane du vanlegvis er interessert i, gjev Meld deg spesifikke verktøy for å navigere mellom desse endringane og redigere dei. Du finn desse verktøya i Endringar-menyen.
Endre endringar
I tillegg til å redigere tekstfiler direkte, gjev Meld deg verktøy til å flytte, kopiere eller slette enkelte skilnadar mellom filer. Linja mellom to filer viser ikkje berre kva delar av dei to filene som samsvarar, men let deg òg selektivt slå saman eller slette avvikande endringar ved å klikke på pil- eller krossikonet ved starten av kvar endring.
Standardhandlinga er erstatt. Denne handlinga erstattar innhaldet i den tilsvarande endringa med den gjeldande endringa.
Hald inne Shift-tasten for å endre den gjeldande handlinga til slett. Denne handlinga slettar den gjeldande endringa.
Hald inne Ctrl-tasten for å endre den gjeldande handlinga til setje inn. Denne handlinga set inn den gjeldande endringa over eller under (som valt) den tilsvarande endringa.