Flat vising

Når du ser på store mapper, kan det hende at du berre er interessert i nokre få filer blant dei tusenvis som er i sjølve mappa. Av den grunn har Meld ei flat vising av ei mappe; berre filer som ikkje er filtrerte bort (t.d. ved Filtrering av versjonskontrolltilstand) vert viste, og mappehierarkiet er fjerna, med filstiar viste i kolonnen Plassering.

Du kan slå den flate visinga av eller på ved å bruke Versjonsfilter-knappen på verktøylinja og velje Flat ut mapper.