Kvifor ser ting uklart/pikselert ut på skjermen min?
Oppløysinga som er konfigurert, er kanskje ikkje rett for skjermen din. Slik løyser du det:
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Skjermar.
Klikk Skjermar for å opne panelet.
Prøv nokre av Oppløysing-vala og vel det som gjer at skjermen ser best ut.
Når fleire skjermar er kopla til
Viss du har to skjermar kopla til datamaskina (for eksempel ein vanleg skjerm og ein projektor), kan skjermane ha ulike optimale eller opphavlege, oppløysingar.
Ved å bruke spegl-modus kan du vise det same på to skjermar. Begge skjermane brukar same oppløysing, noko som kanskje ikkje stemmer med oppløysinga til nokon av skjermane, slik at skarpheita på biletet kan verte dårlegare på begge skjermane.
Ved å bruke Kople saman skjermar kan oppløysinga på kvar skjerm stillast uavhengig, slik at begge kan stillast til sin opphavlege oppløysing.