Endre oppløysinga eller orienteringa til skjermen

Du kan endre kor stort (eller kor detaljert) ting vert vist på skjermen ved å endre skjermoppløysinga. Du kan endre kva veg ting vert vist (til dømes om du har ein roterande skjerm) ved å endre rotasjonen.

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Skjermar.

  2. Klikk Skjermar for å opne panelet.

  3. Dersom du har fleire skjermar og dei ikkje er spegla, kan du ha ulike innstillingar på kvar skjerm. Vel ein skjerm i forhandsvisingsområdet.

  4. Vel orientering, oppløysing eller skalert, og oppfriskingsfrekvens.

  5. Klikk Bruk. Dei nye innstillingane vert brukte i 20 sekund før dei vert tilbakestilte. På den måten, om du ikkje kan sjå noko med dei nye innstillingane, vert dei gamle innstillingane dine automatisk gjenoppretta. Om du er nøgd med dei nye innstillingane, klikk Behalde endringar.

Retning

På nokre einingar kan du fysisk rotere skjermen i mange retningar. Klikk Retning i panelet og vel mellom Liggjande, Ståande høgre, Ståande venstre eller Liggjande (vendt).

Viss eininga di roterer skjermen automatisk, kan du låse den noverande rotasjonen ved å bruke rotasjonssperre-knappen nedst i systemmenyen. For å låse opp, trykkjer du på rotasjon lås opp-knappen

Oppløysing

Oppløysinga er talet på pikslar (punkt på skjermen) i kvar retning som kan visast. Kvar oppløysing har eit formatforhold, forholdet mellom breidda og høgda. Breiskjermar brukar eit 16∶9-formatforhold, medan tradisjonelle skjermar brukar 4∶3. Viss du vel ei oppløysing som ikkje samsvarar med formatforholdet til skjermen, vert skjermen letterboxed for å unngå forvrenging, ved at det vert lagt til svarte kantar øvst og nedst eller på begge sider av skjermen.

Du kan velje oppløysinga du ønskjer frå rullegardinmenyen Oppløysing. Viss du vel ei som ikkje passar til skjermen din, kan det sjå uklart eller pikselert ut.

Nativ oppløysing

Den native oppløysinga til ein berbart skjerm eller LCD-skjerm er den som fungerer best: pikslane i videosignalet vil liggje nøyaktig på linje med pikslane på skjermen. Når skjermen må vise andre oppløysingar, er interpolering nødvendig for å representere pikslane, noko som fører til tap av bildekvalitet.

Oppfriskingsfrekvens

Oppfriskingsfarten er kor mange gongar i sekundet skjermbiletet vert teikna, eller oppfriska.

Variabel oppfriskingsrate (VRR)

For jamnare bilete og for å optimalisere straumforbruket kan du synkronisere oppdateringsfrekvensen til skjermen med innhaldet som vert vist.

VRR er annleis enn Adaptive V-Sync (sein V-Sync), som dynamisk slår V-Sync av og på basert på biletefrekvens.

Føretrekt oppfriskingsrate

Spesifiser føretrukken oppfriskingsrate for å halde optimal visuell kvalitet.

Skala

Skalinnstillinga aukar storleiken på objekta som vert vist på skjermen slik at dei passar med tettleiken på skjermen din, og gjer dei lettare å lese. Vel 100 % eller 200 %.