Kople til ein annan skjerm til datamaskina di
Set opp ein ekstra skjerm
For å setje opp ein ekstra skjerm, kople skjermen til datamaskina di. Om systemet ikkje kjenner han att med ein gong, eller du vil justere innstillingane:
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Skjermar.
Klikk Skjermar for å opne panelet.
-
I skjermoppsettet kan du dra skjermane dine til dei relative posisjonane du ønskjer.
Tala i diagrammet vert vist øvst til venstre i kvar skjerm når Skjermar-panelet er aktivt.
-
Klikk Hovudskjerm for å velje hovudskjermen din.
Hovudskjermen er den med topplinja, og der Aktivitetar-oversynet vert vist.
Klikk på kvar skjerm i lista og vel orientering, oppløysing eller skalert og oppfriskingsfrekvens.
Klikk Bruk. Dei nye innstillingane vert brukte i 20 sekund før dei vert tilbakestilte. På den måten, om du ikkje kan sjå noko med dei nye innstillingane, vert dei gamle innstillingane dine automatisk gjenoppretta. Om du er nøgd med dei nye innstillingane, klikk Behalde endringar.
Visingsmodus
Med to skjermar er desse visingsmodusane tilgjengelege:
Kopla saman skjermar: skjermkantane er kopla saman slik at ting kan flyttast frå ein skjerm til ein annan.
Spegel: det same innhaldet vert vist på to skjermar, med same oppløysing og orientering for begge.
Når berre éin skjerm er nødvendig, til dømes ein ekstern skjerm kopla til ein berbar datamaskin i dokkingstasjon med loket att, kan den andre skjermen slåast av. I lista klikkar du på skjermen du vil slå av, og vrir brytaren til av.
Legg til meir enn éin skjerm
Med meir enn to skjermar er Slå saman skjermar den einaste tilgjengelege modusen.
Trykk på knappen for skjermen du vil konfigurere.
Dra skjermane til ynskte relative posisjonar.