Gje nytt namn til ei fil eller mappe
Som med andre filhandsamarar kan du bruke Filer for å endre namnet på ei fil eller ei mappe.
For å gje nytt namn til ei fil eller mappe:
Høgreklikk på elementet og vel Gje nytt namn, eller vel fila og trykk F2.
Skriv inn det nye namnet og trykk Enter eller klikk Gje nytt namn.
Når du gjev ei fil eit nytt namn, vert berre den fyrste delen av filnamnet valt, ikkje filendinga (delen etter siste .). Filendinga viser vanlegvis kva type fil det er (til dømes fil.pdf er eit PDF-dokument), og du vil som regel ikkje endre det. Om du treng å endre filendinga òg, vel du heile filnamnet og endrar det.
Viss du har gjeve feil fil eit nytt namn, eller gjeve fila eit upassande namn, kan du angre omdøypinga. For å reversere handlinga, klikk med ein gong på menyknappen i sidefeltet og vel Angre nytt namn, eller trykk Ctrl+Z, for å få det opphavlege namnet tilbake.
Gyldige teikn for filnamn
Du kan bruke kva teikn som helst, bortsett frå / (skråstrek) i filnamn. Enkelte einingar brukar likevel eit filsystem med fleire avgrensingar på filnamn. Derfor er det god praksis å unngå desse teikna i filnamna dine: |, \, ?, *, <, ", :, >, /.
Dersom du namngjev ei fil med eit . som det fyrste teiknet, vil fila verte skjult når du prøver å sjå ho i filhandsamaren.
Vanlege problem
- Filnamnet er allereie i bruk
-
Du kan ikkje ha to filer eller mapper med same namn i same mappe. Prøver du å gje ei fil eit namn som allereie finst i mappa du arbeider i, vil filhandsamaren ikkje tillate det.
Fil- og filnamn er store- og småbokstøvande, så filnamnet File.txt er ikkje det same som FILE.txt. Å bruke ulike filnamn på denne måten er tillate, men ikkje tilrådeleg.
- Filnamnet er for langt
På enkelte filsystem kan filnamn ha høgst 255 teikn. Denne grensa på 255 teikn omfattar både filnamnet og stien til fila (til dømes /home/wanda/Documents/work/business-proposals/…), så du bør unngå lange fil- og mappenamn der det er mogleg.
- Valet for å gje nytt namn er gråa ut
Viss Gje nytt namn er gråa ut, har du ikkje løyve til å byte namn på fila. Du bør vere varsam med å byte namn på slike filer, sidan byte av namn på enkelte verna filer kan gjere at systemet ditt vert ustabilt. Sjå Set filtilgangar for meir informasjon.