Gje nytt namn til musikkfiler ved hjelp av metadata

Du kan leggje til innebygd metadata frå musikkfiler i filnamna.

For å leggje til metadata til eit filnamn:

  1. Vel to eller fleire musikkfiler i Filer.

  2. Trykk F2 eller høgreklikk på utvalet og vel Gje nytt namn. Gje nytt namn-vindauget opnar med Gje nytt namn ved bruk av ein mal valt.

    Namnefeltet inneheld «[Original filename]» som ein plasshaldar. Det kan slettast eller leggjast til att frå + Legg til-menyen.

  3. Klikk + Legg til for å vise menyen med tilgjengeleg metadata, som Album og Tittel. Vel kvart element for å setje det inn i filnamnmalen i den rekkjefølgja du ønskjer.

    Førehandsvisingslista vil vise dei noverande filnamna til venstre og dei resulterande filnamna til høgre.

  4. Klikk på Gje nytt namn-knappen for å bruke mønsteret du har laga, og filene vert omdøypte.

Viss du har gjeve feil fil eit nytt namn, eller gjeve fila eit upassande namn, kan du angre omdøypinga. For å reversere handlinga, klikk med ein gong på menyknappen i sidefeltet og vel Angre nytt namn, eller trykk Ctrl+Z, for å få det opphavlege namnet tilbake.