Gi fleire filer nytt namn

Filer kan brukast til å endre namna på ei gruppe filer. Du kan Gje nytt namn ved bruk av ein mal eller Finn og erstatt tekst.

For å gje nytt namn ved hjelp av ein mal:

  1. Vel to eller fleire filer i Filer.

  2. Trykk F2 eller høgreklikk på utvalet og vel Gje nytt namn. Gje nytt namn-vindauget opnar seg.

  3. Sjå til at Gje nytt namn ved bruk av ein mal er vald.

    Namnefeltet inneheld «[Original filename]» som ein plasshaldar. Det kan slettast eller leggjast til att frå + Legg til-menyen.

    Klikk før eller etter «[Original filnamn]» for å leggje til bokstavar, ord eller tal for å lage mønsteret du ynskjer.

    Visse teikn bør unngåast på enkelte einingar.

    For å nummerere filene sekvensielt, klikk + Legg til for å velje kor mange siffer talet du vil leggje til automatisk skal ha. Om du gir nytt namn til 10 eller fleire filer, men færre enn 100, vel to siffer (Tosifra). Vel tre (Tresifra) om du har meir enn 99 filer som skal gi nytt namn.

    Førehandsvisingslista vil vise dei noverande filnamna til venstre og dei resulterande filnamna til høgre.

  4. Klikk på Gje nytt namn-knappen for å bruke mønsteret du har laga, og filene vert omdøypte.

Når du gjev ei fil eit nytt namn, vert berre den fyrste delen av filnamnet valt, ikkje filendinga (delen etter siste .). Filendinga viser vanlegvis kva type fil det er (til dømes fil.pdf er eit PDF-dokument), og du vil som regel ikkje endre det. Om du treng å endre filendinga òg, vel du heile filnamnet og endrar det.

For å gje nytt namn ved hjelp av søk og erstat tekst:

  1. Vel to eller fleire filer i Filer.

  2. Trykk F2 eller høgreklikk på markeringa og vel Gje nytt namn.

  3. Vel Finn og erstatt tekst.

  4. For Eksisterande tekst skriv du teksten som skal bytast ut. For Byt ut skriv du den nye teksten. Førehandsvisinga viser noverande filnamn til venstre og dei nye filnamna til høgre.

  5. Klikk på knappen Gje nytt namn for å stadfeste utskiftinga i førehandsvisinga, og filene vert omdøypte.

Viss du har gjeve feil fil eit nytt namn, eller gjeve fila eit upassande namn, kan du angre omdøypinga. For å reversere handlinga, klikk med ein gong på menyknappen i sidefeltet og vel Angre nytt namn, eller trykk Ctrl+Z, for å få det opphavlege namnet tilbake.