Set filtilgangar
Du kan bruke filrettar til å styre kven som kan sjå og redigere filer du eig. For å sjå og setje rettane for ei fil, høgreklikk på ho og vel Eigenskapar, og vel deretter Løyve.
Sjå Filer og Mapper nedanfor for detaljar om kva typar tilgangar du kan setje.
Filer
Du kan setje tilgangar for fil-eigar, gruppe-eigar og alle andre brukarar på systemet. For filene dine er du eigaren, og du kan gje deg sjølv berre-lese- eller lese-og-skrive-tilgang. Set ei fil til berre-lese viss du ikkje vil endre ho ved eit uhell.
Kvar brukar på datamaskina di høyrer til ei gruppe. På heimemaskiner er det vanleg at kvar brukar har si eiga gruppe, og gruppetilgangar vert sjeldan brukt. I bedriftsmiljø vert grupper av og til brukt for avdelingar eller prosjekt. I tillegg til å ha ein eigar, høyrer kvar fil til ei gruppe. Du kan setje gruppa til fila og styre tilgangane for alle brukarar i den gruppa. Du kan berre setje gruppa til fila til ei gruppe du sjølv høyrer til.
Du kan òg setje tilgangar for andre brukarar enn eigaren og dei som er med i fila si gruppe.
Viss fila er eit program, som til dømes eit skript, må du slå på Køyrbar som app for å køyre det. Sjølv med dette valet aktivert, vil filhandsamaren framleis opne fila i ein app. Sjå Køyrbar tekstfil for meir informasjon.
Mapper
Du kan setje tilgangar for mapper for eigar, gruppe og andre brukarar. Sjå detaljane for filtilgangar over for ei forklaring av eigarar, grupper og andre brukarar.
Rettane du kan setje for ei mappe er annleis enn dei du kan setje for ei fil.
- Ingen
Brukaren vil ikkje eingong kunne sjå kva filer som er i mappa.
- Vis berre filer
Brukaren vil kunne sjå kva filer som er i mappa, men vil ikkje kunne opne, opprette eller slette filer.
- Tilgang til filer
Brukaren vil kunne opne filer i mappa (føreset at vedkomande har løyve til det på den aktuelle fila), men vil ikkje kunne opprette nye filer eller slette filer.
- Opprett og slett filer
Brukaren vil ha full tilgang til mappa, og kan opne, opprette og slette filer.
Du kan òg raskt setje filrettane for alle filene i mappa ved å klikke på Endre løyve for filer inni …. Bruk rullegardinlistene til å justere rettane for filer eller mapper som er med, og klikk på Endre. Rettane vert brukte på filer og mapper i undermapper òg, i alle nivå.