Flytt og endre storleik på vindauge

Du kan flytte og endre storleiken på vindauge ved å dra i dei. Systemet gjev også desse snarvegane og modifikatorane for å hjelpe deg med å ordne vindauga effektivt:

  • Flytt eit vindauge ved å dra i tittellinja, eller hald inne Super og dra kvar som helst i vindauget. Hald inne Shift medan du flyttar for å feste vindauget til kantane på skjermen og andre vindauge.

  • Endre storleiken på eit vindauge ved å dra i kantane eller hjørna på vindauget. Hald inne Shift medan du endrar storleiken for å feste vindauget til kantane på skjermen og andre vindauge.

  • Maksimer eit vindauge ved å dra det til øvst på skjermen. Dra eit vindauge til ei side av skjermen for å feste det til den sida, slik at du kan leggje vindauge ved sida av kvarandre.

  • Flytt eller endre storleiken på eit vindauge berre med tastaturet ved å trykkje Alt+F7 for å flytte eller Alt+F8 for å endre storleiken. Bruk piltastane til å flytte eller endre storleiken på vindauget, og trykk deretter Enter for å stadfeste eller Esc for å gå tilbake til opphavleg posisjon og storleik.

I dei fleste appane (særleg GTK3 og GTK4) kan du flytte eit vindauge ved å klikke og dra kvar som helst i appen sitt hovudfelt, inkludert knappar og ikon.