Stil vindauge
Du kan maksimere eit vindauge berre på venstre eller høgre side av skjermen, slik at du kan plassere to vindauge ved sida av kvarandre for å raskt byte mellom dei.
For å maksimere eit vindauge langs ei side av skjermen, tek du tak i tittellinja og dreg ho til venstre eller høgre side til halvparten av skjermen vert markert. Bruk tastaturet, hald nede Super og trykk Venstre eller Høgre tasten.
For å gjenopprette eit vindauge til opphavleg storleik, dra det vekk frå kanten av skjermen, eller bruk same tastatursnarveg som du brukte for å maksimere.
Hald inne Super-tasten og dra kvar som helst i eit vindauge for å flytte det.