Maksimer og minimer eit vindauge

Du kan maksimere eit vindauge for å ta opp all plassen på skrivebordet og minimere eit vindauge for å gjenopprette det til normal storleik. Du kan også maksimere vindauge vertikalt langs venstre og høgre side av skjermen, slik at du enkelt kan sjå på to vindauge samtidig. Sjå Stil vindauge for detaljar.

For å maksimere eit vindauge, ta tak i tittelbar og dra det til toppen av skjermen, eller berre dobbeltklikk på tittelbar. For å maksimere eit vindauge med tastaturet, hald inne Super-tasten og trykk , eller trykk Alt+F10.

For å gjere eit vindauge om til storleiken det hadde før maksimering, kan du dra det vekk frå kanten av skjermen. Viss vindauget er maksimert, kan du dobbeltklikke på tittellinja for å gjere det om. Du kan også bruke dei same tastatursnarvegane som du brukte for å maksimere vindauget.

Hald inne Super-tasten og dra kvar som helst i eit vindauge for å flytte det.