Bruk mindre straum og få lengre batteritid
Datamaskinar kan bruke mykje straum. Ved å bruke nokre enkle energisparingsstrategiar kan du redusere straumrekninga di og hjelpe miljøet.
Generelle tips
Set datamaskina i dvale når du ikkje brukar han. Dette reduserer straumbruken vesentleg, og han kan vekkjast svært raskt.
Slå av datamaskina når du ikkje skal bruke ho over lengre tid. Nokre folk er bekymra for at det å slå av datamaskina jamleg kan føre til at ho vert fortare sliten, men det er ikkje tilfelle.
Bruk Straum-panelet i Innstillingar for å endre strauminnstillingane dine. Det finst fleire val som hjelper deg å spare straum: du kan automatisk mørkleggje skjermen etter ei viss tid, slå på Automatisk Straumsparar når batteriet er lågt, og la datamaskina automatisk setje seg i dvale viss du ikkje har brukt han på ei viss tid.
Reduser skjermlysstyrken.
Slå av alle eksterne einingar (som skrivarar og skannarar) når du ikkje brukar dei.
Berbare datamaskinar, nettbøker og andre batteridrivne einingar
-
Reduser skjermlysstyrken. Skjermen står for ein stor del av straumforbruket til ein berbar datamaskin.
Dei fleste berbare datamaskinar har knappar på tastaturet (eller ein tastatursnarveg) som du kan bruke til å redusere lysstyrken.
-
Dersom du ikkje treng Internett-tilkopling ei lita stund, slå av trådlaust nettverk eller blåtannkorta. Desse einingane fungerer ved å sende ut radiobølgjer, noko som krev ein god del straum.
Somme datamaskinar har ein fysisk brytar som kan brukast til å slå den av, medan andre har ein tastatursnarveg som du kan bruke i staden. Du kan slå den på att når du treng det.
Meir avanserte tips
-
Reduser mengda oppgåver som køyrer i bakgrunnen. Datamaskinar brukar meir straum når dei har meir arbeid å gjere.
Dei fleste av appane som køyrer, brukar svært lite straum når du ikkje aktivt brukar dei. Appar som ofte hentar data frå internett eller spelar musikk eller film kan likevel påverke straumbruken din.