Legg til ein ny brukarkonto
Du kan leggje til fleire brukarkontoar på datamaskina di. Gje éin konto til kvar person i husstanden eller bedrifta di. Kvar brukar har sin eigen heimemappe, dokument og innstillingar.
Du treng administratorrettar for å leggje til brukarkontoar.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive System.
Vel Innstillingar ▸ System frå resultata. Dette opnar System-panelet.
Vel Brukarar for å opne panelet.
Trykk Lås opp øvst til høgre og skriv inn passordet ditt når du vert bedt om det.
Trykk på knappen Legg til brukar... under Andre brukarar for å leggje til ein ny brukar.
-
Viss du vil at den nye brukaren skal ha administrative tilgangar til datamaskina, vel du Administrator for kontotype.
Administratorar kan utføre oppgåver som å leggje til og slette brukarar, installere programvare og drivarar, og endre dato og klokkeslett.
Skriv inn det fulle namnet til den nye brukaren. Brukarnamnet vert automatisk fylt ut basert på det fulle namnet. Om du ikkje likar det føreslåtte brukarnamnet, kan du endre det.
-
Du kan velje å setje eit passord for den nye brukaren, eller la dei setje det sjølv ved første innlogging. Om du vel å setje passordet no, kan du trykkje på
—ikonet for å lage eit tilfeldig passord automatisk.
For å kople brukaren til eit nettverksdomene, klikk Bedriftsinnlogging.
Klikk Legg til. Når brukaren er lagd til, kan innstillingane for Foreldrekontroll og Språk justerast.
Viss du vil endre passordet etter at kontoen er oppretta, vel du kontoen, Lås opp panelet og trykkjer på gjeldande passordstatus.
I Brukarar-vindauget kan du klikke på biletet ved sida av brukarnamnet til høgre for å setje eit bilete for brukarkontoen. Dette biletet vert vist i innloggingsvindauget. Systemet gjev deg nokre standardbilete du kan bruke, eller du kan velje eige bilete eller ta eit bilete med webkameraet ditt.