Skjermen låser seg for raskt
Viss du forlèt datamaskina i nokre minutt, låser skjermen seg automatisk, og du må skrive inn passordet ditt for å byrje å bruke han igjen. Dette vert gjort av tryggleiksomsyn (slik at ingen kan røre arbeidet ditt om du forlèt datamaskina utan tilsyn), men det kan vere irriterande om skjermen låser seg for raskt.
For å vente ei lengre tid før skjermen vert automatisk låst:
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Personvern og tryggleik.
Vel Innstillingar ▸ Personvern og tryggleik frå resultata. Dette opnar Personvern og tryggleik-panelet.
Vel Skjermlås for å opne panelet.
Viss Automatisk skjermlås er på, kan du endre verdien i rullegardinlista Forsinking for automatisk skjermlås.
Viss du aldri vil at skjermen skal låse seg sjølv automatisk, slå av Automatisk skjermlås-brytaren.