Fest favorittappane dine til dashbordet
For å leggje til ein app i oppgåvepanelet for lett tilgang:
Opne Aktivitetar-oversynet ved å klikke Aktivitetar øvst til venstre på skjermen
Trykk på rutenettet i dashbordet og finn appen du vil leggje til.
-
Høgreklikk på app-ikonet og vel Legg til i favorittar.
Eller du kan klikke og dra ikonet inn i dashbordet.
For å fjerne eit app-ikon frå dashbordet, høgreklikk på app-ikonet og vel Fjern frå favorittar.