Stille inn tastatursnarvegar

For å endre tasten eller tastane som skal trykkast for ein tastatursnarveg:

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Innstillingar.

  2. Klikk på Innstillingar.

  3. Klikk Tastatur i sidefeltet for å opne panelet.

  4. I Tastatursnarvegar-delen, vel Vis og tilpass snarvegar.

  5. Vel ønskt kategori, eller skriv inn eit søkjeord.

  6. Klikk på rada for ynskja handling. Set snarveg-vindauget vert vist.

  7. Hald inne den ynskte tastkombinasjonen, eller trykk Backspace for å nullstille, eller trykk Esc for å avbryte.

Førehandsdefinerte snarvegar

Det er eit antal førehandsinnstilte snarvegar som kan endrast, gruppert i desse kategoriane:

Tilgjenge

Minsk tekststorleik

Deaktivert

Slå høg kontrast av eller på

Deaktivert

Auk tekststorleik

Deaktivert

Slå skjermtastatur av eller på

Deaktivert

Slå skjermlesar av eller på

Alt+Super+S

Slå zoom av eller på

Alt+Super+8

Forstørr

Alt+Super+=

Forminsk

Alt+Super+-

Snarvegar

Heimemappe

Explorer key symbol eller Explorer key symbol eller Explorer

Start kalkulator

Calculator key symbol eller Kalkulator

Start e-postklient

Mail key symbol eller Mail

Start hjelplesar

Deaktivert

Start nettlesar

WWW key symbol eller WWW key symbol eller WWW

Søk

Search key symbol eller Søk

Innstillingar

Verktøy

Navigering

Gøym alle vanlege vindauge

Deaktivert

Flytt til arbeidsområdet til venstre

Super+Page Up

Flytt til arbeidsområdet til høgre

Super+Page Down

Flytt vindauget éin skjerm ned

Shift+Super+

Flytt vindauget éin skjerm til venstre

Shift+Super+

Flytt vindauget éin skjerm til høgre

Shift+Super+

Flytt vindauget éin skjerm opp

Shift+Super+

Flytt vindauget eitt arbeidsområde til venstre

Shift+Super+Page Up

Flytt vindauget eitt arbeidsområde til høgre

Shift+Super+Page Down

Flytt vindauget til siste arbeidsområde

Shift+Super+End

Flytt vindauget til arbeidsområde 1

Shift+Super+Home

Flytt vindauget til arbeidsområde 2

Deaktivert

Flytt vindauget til arbeidsområde 3

Deaktivert

Flytt vindauget til arbeidsområde 4

Deaktivert

Byt program

Super+Tab

Byt systemkontrollar

Ctrl+Alt+Tab

Byt systemkontrollar direkte

Ctrl+Alt+Esc

Byt til siste arbeidsområde

Super+End

Byt til arbeidsområde 1

Super+Home

Byt til arbeidsområde 2

Deaktivert

Byt til arbeidsområde 3

Deaktivert

Byt til arbeidsområde 4

Deaktivert

Byt vindauge

Deaktivert

Byt vindauge direkte

Alt+Esc

Byt vindauge i eit program direkte

Alt+F6

Byt vindauge i eit program

Deaktivert

Skjermbilete

Lagre eit skjermbilete av eit vindauge

Alt+Print

Lagre eit skjermbilete av heile skjermen

Shift+Print

Start skjermbileteverktøyet

Print

Ta opp eit kort skjermopptak

Shift+Ctrl+Alt+R

Lyd og media

Løys ut

Eject key symbol (Kast ut)

Start avspelaren

Media key symbol (Lydmedium)

Demp/opphev demping av mikrofon

Neste spor

Next key symbol (Lyd neste)

Pause avspeling

Pause key symbol (Lyd pause)

Spel (eller spel/pause)

Play key symbol (Lydavspeling)

Førre spor

Previous key symbol (Lyd førre)

Stopp avspeling

Stop key symbol (Lyd stoppar)

Lågare lyd

Volume Down key symbol (Lyd lågare volum)

Lyd av

Mute key symbol (Lyd av)

Høgare lyd

Volume Up key symbol (Lyd aukar volum)

System

Fokuser på det aktive varselet

Super+N

Lås skjerm

Super+L

Vis vindauget Slå av

Ctrl+Alt+Delete

Gjenopprett tastatursnarvegane

Super+Esc

Vis alle appar

Super+A

Vis aktivitetsoversynet

Super

Vis varslingslista

Super+V

Vis systemmenyen

Super+S

Vis Køyr-vindauget

Alt+F2

Tasting

Byt til neste inndatakjelde

Super+Mellomrom

Byt til førre inndatakjelde

Shift+Super+Mellomrom

Windows

Slå på vindaugsmenyen

Alt+Mellomrom

Lukk vindauget

Alt+F4

Gøym vindauget

Super+H

Senk vindauget under andre vindauge

Deaktivert

Maksimer vindauget

Super+

Maksimer vindauget vassrett

Deaktivert

Maksimer vindauget loddrett

Deaktivert

Flytt vindauget

Alt+F7

Lyft vindauget over dei andre

Deaktivert

Lyft vindauget om det er dekt, elles senk det

Deaktivert

Endra storleik på vindauget

Alt+F8

Gjenopprett vindauget

Super+

Slå av/på fullskjermmodus

Deaktivert

Endra tilstand for maksimering

Alt+F10

Slå av/på om vindauget er på alle arbeidsområda eller berre eitt

Deaktivert

Vis delt på venstre

Super+

Vis oppdelt på høgre

Super+

Eigne snarvegar

For å lage din eigen tastatursnarveg i Tastatur-innstillingane:

  1. Vel Eigne snarvegar.

  2. Trykk på Legg til snarveg-knappen viss ingen tilpassa snarveg er sett ennå. Elles trykk på +-knappen. Legg til eigen snarveg-vindauget kjem opp.

  3. Skriv inn eit Namn for å identifisere snarvegen, og ein Kommando for å køyre ein app. Til dømes, viss du ønskte at snarvegen skulle opne Rhythmbox, kunne du kalle han Musikk og bruke rhythmbox-kommandoen.

  4. Trykk på knappen Legg til snarveg …. I vindauget Legg til eigen snarveg, hald inne den ynskte snarveg-tastkombinasjonen.

  5. Trykk Legg til.

Kommandonamnet du skriv må vere ein gyldig systemkommando. Du kan sjekke at kommandoen fungerer ved å opne Terminal og skrive han der. Kommandoen som opnar ein app kan ikkje ha same namn som sjølve appen.

Viss du vil endre kommandoen som er knytt til ein tilpassa tastatursnarveg, klikkar du på rada til snarvegen. Vindauget Set Custom Shortcut kjem opp, og du kan redigere kommandoen.