Nyttige tastatursnarvegar

Denne sida gjev eit oversyn over tastatursnarvegar som kan hjelpe deg å bruke skrivebordet og appar meir effektivt. Om du ikkje kan bruke ei mus eller peikeeining i det heile, sjå Tastaturnavigasjon for meir informasjon om å navigere brukargrensesnitt berre med tastaturet.

Slik navigerer du på skrivebordet

Super tast

Veksle mellom Aktivitetar-oversynet og skrivebordet. I oversynet kan du byrje å skrive for å søkje i appane, kontaktane og dokumenta dine med det same.

Alt+F2

Pop opp kommando-vindauge (for å køyre kommandoar raskt).

Bruk pilknappane for å få rask tilgang til tidlegare køyrde kommandoar.

Super+Tab

Skift raskt mellom vindauge. Hald inne Shift for motsett rekkjefølgje.

Super+`

Byt mellom vindauge frå same app, eller frå den valde appen etter Super+Tab.

Denne snarvegen brukar ` på US-tastatur, der `-tasten står over Tab. På alle andre tastatur er snarvegen Super pluss tasten over Tab.

Alt+Esc

Byt mellom vindauge i det gjeldande arbeidsområdet. Hald inne Shift for omvendt rekkjefølgje.

Ctrl+Alt+Tab

Gjev tastaturfokus til topplinja. I Aktivitetar-oversynet skiftar tastaturfokus mellom topplinja, dash, vindaugoversyn, app-lista og søkjefeltet. Bruk pilknappane til å navigere.

Super+A

Vis lista over appane.

Super+Page Up

og

Super+Page Down

Byt mellom arbeidsområde.

Shift+Super+Page Up

og

Shift+Super+Page Down

Flytt det noverande vindauget til eit anna arbeidsområde.

Shift+Super+

Flytt det noverande vindauget eitt skjermbilde til venstre.

Shift+Super+

Flytt det noverande vindauget eitt skjermbilde til høgre.

Ctrl+Alt+Delete

Vis vindauget for slå av.

Super+L

Lås skjermen.

Super+V

Vis varslingslista. Trykk Super+V på nytt eller Esc for å lukke.

Vanlege redigeringstastar

Ctrl+A

Vel all tekst eller alle element i ei liste.

Ctrl+X

Klipp ut (fjern) vald tekst eller element og legg det på utklippstavla.

Ctrl+C

Kopier vald tekst eller element til utklippstavla.

Ctrl+V

Lim inn innhaldet frå utklippstavla.

Ctrl+Z

Angre siste handling.

Ctrl+Shift+C

Kopier den utheva teksten eller kommandoane til utklippstavla i Terminalen.

Ctrl+Shift+V

Lim inn innhaldet frå utklippstavla i Terminalen.