Byt språk du brukar
Du kan bruke skrivebordet og appane dine på dusinvis av språk, føresett at du har dei rette språkpakka installerte på datamaskina di.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive System.
Vel Innstillingar ▸ System frå resultata. Dette opnar System-panelet.
Vel Region og språk for å opne panelet.
I Kontoen din-delen, klikk på Språk.
Vel ønskjeleg region og språk. Om regionen og språket ditt ikkje står på lista, klikk på
nedst på lista for å velje frå alle tilgjengelege regionar og språk.
Trykk Vel for å lagre.
Økta må startast på nytt for at endringane skal tre i kraft. Klikk Start på nytt …, eller logg inn att seinare.
Nokre omsetjingar kan vere ufullstendige, og enkelte appar støttar kanskje ikkje språket ditt i det heile. Uomsett tekst vil framleis stå på språket programvara opphavleg vart utvikla på, som regel amerikansk engelsk.
Det er nokre spesielle mapper i heimemappa di der appar kan lagre ting som musikk, bilete og dokument. Desse mappene brukar standardnamn i samsvar med språket ditt. Når du loggar inn att, vert du spurt om du vil gi desse mappene standardnamn for det valde språket ditt. Om du planlegg å bruke det nye språket heile tida, bør du oppdatere mappenamna.
Dersom det er fleire brukarkontoar på systemet ditt, er det ein eigen seksjon for Innloggingsskjerm i Region og språk-panelet.