Bruk gestar på peikeplater og berøringsskjermar

Multitouch-gestar kan brukast på peikeplater og berøringsskjermar til systemnavigering, så vel som i appar.

Eit tal appar brukar gestar. I Dokumentframsynar kan dokument zoomast og sveipast med gestar, og Biletesyning lèt deg zoome, rotere og flytte.

Systemomfattande gestar

Opne Oversyn over aktivitetar og App-vising

Plasser tre fingrar på peikeflata eller berøringsskjermen og før oppover for å opne aktivitetsvisinga.

For å opne appvisinga, legg du tre fingrar på skjermen og fører dei oppover att.

Byt arbeidsområde

Plasser tre fingrar på peikeflata eller berøringsskjermen og sveip til venstre eller høgre.

Avslutt fullskjerm

På ein berøringsskjerm, dra ned frå øvste kant for å gå ut av fullskjermmodus i eit vindauge.

Vis tastatur på skjerm

På ein berøringsskjerm, dra opp frå nedste kant for å få fram skjermtastaturet, dersom skjermtastaturet er aktivert.

App-gestar

Opne eit element, starte ein app, spele ei låt

Trykk på eit element.

Vel eit element og list handlingar som kan utførast

Trykk og hald i eit sekund eller to.

Rull området på skjermen

Dra: dra med ein finger som rører overflata.

Endre skaleringa til ei vising (Kart, Photos)

To-finger knipe eller strekk: Rør flaten med to fingrar samtidig som du fører dei nærare eller lenger frå kvarandre.

Roter eit bilete

To-finger rotering: Rør overflata med to fingrar og roter.