Bla gjennom filer og mapper
Bruk filhandsamaren Filer til å bla gjennom og organisere filene på datamaskina di. Du kan også bruke han til å administrere filer på lagringseiningar (som eksterne harddiskar), på filtenarar, og på nettverksdelar.
For å starte filhandsamaren, opne Filer i Aktivitetar-oversynet. Du kan òg søkje etter filer og mapper gjennom oversynet på same måte som du søkjer etter appar.
Utforskar innhaldet i mapper
I filhandsamaren, dobbeltklikk på ei mappe for å sjå innhaldet, og dobbeltklikk eller midtkast på ei fil for å opne ho med standardappen for den fila. Midtkast på ei mappe for å opne ho i ei ny fane. Du kan også høgreklikke på ei mappe for å opne ho i ei ny fane eller eit nytt vindauge.
Når du ser gjennom filene i ei mappe, kan du raskt førehandsvise kvar fil ved å trykkje mellomromstasten slik at du er sikker på at du har rett fil før du opnar, kopierer eller slettar den.
Stigen over lista med filer og mapper viser kva mappe du ser på, inkludert foreldremappene til den noverande mappa. Klikk på ei foreldremappe i stigen for å gå til den mappa. Høgreklikk på ei mappe i stigen for å opne den i ei ny fane eller eit nytt vindauge, eller for å få tilgang til eigenskapane til den.
Viss du vil søkje etter ei fil raskt, i eller under mappa du ser på, byrjar du å skrive namnet på fila. Ei søkjeline kjem opp øvst i vindauget, og berre filer som passar søket vert viste. Trykk Esc for å avbryte søket.
Du kan raskt få tilgang til vanlege stader frå sidefeltet. Viss du ikkje ser sidefeltet, trykkjer du på Vis sidestolpe-knappen øvst til venstre i vindauget. Du kan leggje til bokmerke til mapper du brukar ofte, og dei vil dukke opp i sidefeltet.