Midtklikk

Mange mus og nokre peikeplater har ein midtre museknapp. På ei mus med eit rullehjul kan du som regel trykkje direkte ned på rullehjulet for å midtkopla. Om du ikkje har ein midtre museknapp, kan du trykkje på venstre og høgre museknapp samtidig for å midtkopla.

På peikeplater som støttar fleirfingertrykk, kan du trykkje med tre fingrar samtidig for å trykkje med midtre knappen. Du må slå på trykk med peikeplate i peikeplateinnstillingane for at dette skal fungere.

Mange appar brukar midtkast for avanserte klikksnarvegar.

  • I appar med rullefelt flyttar eit venstreklikk i det tomme feltet rulleposisjonen direkte til den staden. Eit midtklikk flyttar opp til ei enkelt side mot den staden.

  • I Aktivitetar-oversynet kan du raskt opne eit nytt vindauge for ein app med midtkast. Berre midtkast på ikonet til appen, anten i dashet til venstre, eller i app-oversynet. App-oversynet vert vist ved å bruke rutenett-knappen i dashet.

  • Dei fleste nettlesarar lèt deg opne lenkjer i faner raskt med midtre museknapp. Berre klikk på ei lenkje med midtre museknapp, og ho vert opna i ei ny fane.

  • I filhandsamaren har midtkast to funksjonar. Om du midtkastar ei mappe, vert ho opna i ei ny fane. Dette etterliknar oppførselen til populære nettlesarar. Om du midtkastar ei fil, vert fila opna, som om du hadde dobbeltklikka.

Nokre spesialiserte appar lèt deg bruke midtknappen på musa til andre funksjonar. Søk i hjelpa til appen etter midt-klikk eller midtknapp på musa.