Søk etter filer
Du kan søkje etter filer basert på filnamn eller filtype direkte i filhandsamaren.
Søk
Opne Filer-appen frå Aktivitetar-oversynet.
Viss du veit at filene du vil ha ligg i ei bestemt mappe, gå til den mappa.
-
Skriv inn eit ord eller fleire ord som du veit finst i filnamnet, så vert dei viste i søkjefeltet. Skriv til dømes faktura dersom du kallar alle fakturaene dine med ordet «faktura». Ord vert matcha uavhengig av stor og liten bokstav.
I staden for å skrive ord direkte for å få opp søkjefeltet, kan du klikke på
i verktøylinja, eller trykkje Ctrl+F.
-
Du kan avgrense resultata dine etter dato, etter filtype og etter om du vil søkje i fulltekst i ei fil, eller berre søkje etter filnamn.
For å bruke filter, vel du rullegardinmenyen til venstre for
-ikonet i filhandsamaren, og vel frå dei tilgjengelege filtera:
Når: Kor langt tilbake vil du søkje?
Kva: Kva type element er det?
Søk: Skal søket ditt ta med fulltekstsøk, eller berre søkje i filnamna?
For å fjerne eit filter, vel du X ved sida av filtermerket du vil fjerne.
Du kan opne, kopiere, slette eller på anna vis arbeide med filene dine frå søkjeresultata, akkurat som du ville frå ei mappe i filhandsamaren.
Klikk på
i verktøylinja på nytt for å avslutte søket og gå tilbake til mappa.
Tilpass søk i filer
Du vil kanskje at visse mapper skal takast med eller utelatast frå søk i Filer. For å tilpasse kva mapper som vert søkt i:
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Søk.
Vel Innstillingar ▸ Søk frå resultata. Dette opnar Søkjeinnstillingar-panelet.
Vel Søkjelokasjonar.
Dette vil opne eit vindauge der du kan slå av og på søk i mapper. Du kan slå av og på søk i kvar av dei tre seksjonane:
Stader: Viser vanlege mapper i heimemappa
Bokmerke: Viser mappestader som du har bokmerkt i Filer-appen
Anna: Lister mappeplasseringar som du tek med via +-knappen.