Bla i filer på ein tenar eller nettverksdel
Du kan kople til ein tenar eller nettverksmappe for å bla og sjå filer på den tenaren, akkurat som om dei låg på din eigen datamaskin. Dette er ein praktisk måte å laste ned eller laste opp filer på internett, eller å dele filer med andre på det lokale nettverket ditt.
For å bla gjennom filer over nettverket, opnar du appen Filer frå Aktivitetar-oversynet, og klikkar på Andre plasseringar i sidepanelet. Filhandsamaren vil finne alle datamaskinar på det lokale nettverket ditt som annonserer at dei kan tenje filer. Om du vil kople til ein tenar på internett, eller om du ikkje ser datamaskina du leitar etter, kan du kople til ein tenar manuelt ved å skrive inn internett-/nettverksadressa.
Kople til filtenar
I filhandsamaren, klikk på Andre plasseringar i sidefeltet.
-
I Kople til tenar, skriv inn adressa til tenaren, i form av ein URL. Detaljar om støtta URL-ar er oppførte nedanfor.
Dersom du har kopla til tenaren før, kan du klikke på han i Siste tenarar-lista.
Trykk Kople til. Filene på tenaren vert vist. Du kan bla i filene akkurat som du ville gjort på din eigen datamaskin. Tenaren vert òg lagt til i sidefeltet slik at du raskt kan få tilgang til han i framtida.
Skriv URL-ar
Ein URL, eller uniform resource locator, er ei form for adresse som viser til ei plassering eller fil på eit nettverk. Adressa er formatert slik:
scheme://servername.example.com/folder
Skjemaet scheme spesifiserer protokollen eller typen tenar. example.com-delen av adressa vert kalla domenenamn. Dersom brukarnamn er nødvendig, vert det sett inn før tenarnamnet:
scheme://username@servername.example.com/folder
Somme skjema krev at portnummeret vert oppgjeve. Set det inn etter domenenamnet:
scheme://servername.example.com:port/folder
Nedanfor er spesifikke døme for dei ulike tenartypane som vert støtta.
Typar tenarar
Du kan kople til ulike typar tenarar. Somme tenarar er offentlege og let kven som helst kople til. Andre tenarar krev at du loggar inn med eit brukarnamn og eit passord.
Du har kanskje ikkje løyve til å utføre visse handlingar på filer på ein tenar. Til dømes vil du sannsynlegvis ikkje kunne slette filer på offentlege FTP-sider.
URL-en du skriv inn, er avhengig av protokollen som tenaren brukar til å eksportere filmappene sine.
- SSH
-
Har du ein secure shell-konto på ein tenar, kan du kople til med denne metoden. Mange webtenarar gjev SSH-kontoar til medlemar slik at dei kan laste opp filer på ein trygg måte. SSH-tenarar krev alltid at du loggar inn.
Ein typisk SSH-URL ser slik ut:
ssh://username@servername.example.com/folder
Når du brukar SSH, vert all data du sender (inkludert passordet ditt) kryptert slik at andre brukarar på nettverket ditt ikkje kan sjå det.
- FTP (med innlogging)
-
FTP er ein populær måte å utveksle filer på Internett. Sidan data ikkje vert kryptert over FTP, tilbyr mange tenarar no tilgang via SSH. Enkelte tenarar tillèt likevel framleis eller krev at du brukar FTP for å laste opp eller ned filer. FTP-nettstader med innlogging vil som regel la deg slette og laste opp filer.
Ein typisk FTP-URL ser slik ut:
ftp://username@ftp.example.com/path/
- Offentleg FTP
-
Nettstader som lèt deg laste ned filer vil av og til tilby offentleg eller anonym FTP-tilgang. Desse tenarane krev ikkje brukarnamn og passord, og vil som regel ikkje late deg slette eller laste opp filer.
Ein typisk anonym FTP-URL ser slik ut:
ftp://ftp.example.com/path/
Nokre anonyme FTP-tenarar krev at du loggar inn med eit offentleg brukarnamn og passord, eller med eit offentleg brukarnamn og e-postadressa di som passord. For desse tenarane brukar du metoden FTP (med innlogging), og brukar innloggingsinformasjonen som FTP-tenaren har fastsett.
- Windows-del
-
Windows-datamaskinar brukar ein eigen protokoll for å dele filer over eit lokalt nettverk. Datamaskinar på eit Windows-nettverk er av og til gruppert i domene for organisering og for å få betre tilgangskontroll. Om du har rett tilgang på den eksterne datamaskina, kan du kople til ei Windows-del frå filhandsamaren.
Ein typisk Windows-delings-URL ser slik ut:
smb://servername/Share
- WebDAV og Secure WebDAV
-
Basert på HTTP-protokollen som vert nytta på nettet, vert WebDAV av og til nytta til å dele filer på eit lokalt nettverk og til å lagre filer på internett. Dersom tenaren du koplar deg til støttar sikre tilkoplingar, bør du velje dette alternativet. Sikker WebDAV brukar sterk SSL-kryptering, slik at andre brukarar ikkje kan sjå passordet ditt.
Ein WebDAV-URL ser slik ut:
dav://example.hostname.com/path
- NFS-del
-
UNIX-datamaskinar brukar tradisjonelt Network File System-protokollen for å dele filer over eit lokalt nettverk. Med NFS er tryggleiken basert på UID-en til brukaren som aksesserer delinga, slik at ingen innloggingsinformasjon er nødvendig ved tilkopling.
Ein typisk NFS-delings-URL ser slik ut:
nfs://servername/path