Rediger mappe-bokmerke
Bokmerka dine er lista i sidefeltet til filhandsamaren.
Legg til bokmerke:
Opne mappa (eller plassen) du vil bokmerke.
-
Klikk på den gjeldande mappa i stien og vel deretter Legg til bokmerke.
Du kan òg dra ei mappe til sidefeltet og sleppe ho over Nytt bokmerke, som dukkar opp dynamisk.
Slett eit bokmerke:
Høgreklikk på bokmerket i sidefeltet og vel Fjern frå bokmerke frå menyen.
Gje nytt namn til bokmerke:
Høgreklikk på bokmerket i sidefeltet og vel Gje nytt namn.
-
I Namn-tekstboksen skriv du det nye namnet på bokmerket.
Å gje eit bokmerke nytt namn endrar ikkje namnet på mappa. Dersom du har bokmerke til to ulike mapper på to ulike plassar, men begge har det same namnet, vil bokmerka ha det same namnet, og du vil ikkje kunne skilje dei frå kvarandre. I slike tilfelle er det nyttig å gje bokmerket eit anna namn enn namnet på mappa det peikar til.