Tilpass oppførsel for app-bytte

Du kan styre korleis du byter mellom vindauge på systemet ditt. Innstillingar for app-bytte er gruppert i to kategoriar:

  • Vel Ta med program frå alle arbeidsområde eller Ta berre med program frå det gjeldande arbeidsområdet.

  • På system med fleire skjermar, vel du Ta med appar frå alle skjermar eller Ta med appar frå kvar skjerm berre. Det andre alternativet avgrensar app-bytte til appar som er synlege på skjermen der du startar byttet.

For å endre korleis du byter mellom appar, gjer du slik:

  1. Opne Aktivitetar-oversynet og skriv Multitasking.

  2. Vel Innstillingar ▸ Multitasking frå resultata.

  3. Under Programveksling, vel det føretrukne valet ditt for kvar kategori.