Korleis importerer eg fargeprofilar?
Du kan importere ein fargeprofil ved å dobbeltklikke på ei .ICC eller .ICM fil i filhandsamaren.
Alternativt kan du styre fargeprofilane dine gjennom Farge-panelet.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Innstillingar.
Klikk på Innstillingar.
Klikk Farge i sidefeltet for å opne panelet.
Vel eininga di.
Klikk Legg til profil for å velje ein eksisterande profil eller importere ein ny profil.
Trykk Legg til for å stadfeste valet ditt.
Produsenten av skjermen din kan levere ein profil du kan bruke. Desse profilane er som regel laga for ein gjennomsnittleg skjerm, og er difor ikkje nødvendigvis perfekte for akkurat din skjerm. For best kalibrering bør du lage din eigen profil med ein fargemålar eller ein spektrofotometer.