Korleis kalibrerer eg skjermen min?
Du kan kalibrere skjermen din slik at han viser meir nøyaktig farge. Dette er spesielt nyttig om du arbeider med digital fotografering, design eller kunst.
Du vil trenge anten eit fargemål eller eit spektrofotometer for å gjere dette. Begge apparata vert brukte til å profilere skjermar, men dei fungerer på litt ulike måtar.
Sjå til at kalibreringsapparatet ditt er kopla til datamaskina di.
Opne Aktivitetar-oversynet og byrje å skrive Innstillingar.
Klikk på Innstillingar.
Klikk Farge i sidefeltet for å opne panelet.
Vel skjermen din.
Trykk Kalibrer … for å byrje kalibreringa.
Skjermar endrar seg heile tida: bakgrunnslyset i ein TFT-skjerm vil halvere i lysstyrke omtrent kvar 18. månad, og vert gulare etter kvart som han vert eldre. Dette tyder at du bør kalibrere skjermen på nytt når [!]-ikonet dukkar opp i Farge-panelet.
LED-skjermar endrar seg òg over tid, men i eit mykje langsamare tempo enn TFT-ar.