Kva er ein fargeprofil?

Ein fargeprofil er eit sett med data som skildrar anten ei eining som ein projektor eller eit fargerom som sRGB.

Dei fleste fargeprofilar er i form av ein ICC-profil, som er ei lita fil med filendinga .ICC eller .ICM.

Fargeprofilar kan leggjast inn i bilete for å spesifisere fargerommet til dataa. Dette gjer at brukarar ser dei same fargane på ulike einingar.

Kvar eining som handsamar fargar, bør ha sin eigen ICC-profil, og når dette er oppnådd, vert det sagt at systemet har ein ende-til-ende fargehandtert arbeidsflyt. Med ein slik arbeidsflyt kan du vere trygg på at fargar ikkje vert tapt eller endra.